Biografi
Frå sirkus til Spellemann

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Heilt sidan dei vaks opp som naboar, har dei samarbeida om ulike musikalske prosjekt. I femårsalderen begynte dei å arrangere eigne sirkusforestillingar i kjellaren i Norheimsund. Dette utvikla seg seinare til bandet Sirkus Bjøver, som mellom anna står bak julesongen Eselet sin julesong.
Dei seinare åra har fokus vore på barnemusikk. Måndag 1. oktober 2018 kom bandet ut med si debutplate «Rockesock». Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad,
Med seg på laget har dei eit knippe erfarne musikarar som til dømes Geir Dahle og Thomas Gallatin, mellom anna med erfaring frå banda til Odd Nordstoga og Morten Abel. Prikken over i-en er likevel eit stjernelag av sprudlande born, som friskar opp songane med barnleg energi.
Live har Naboen Min som oftast med seg Einar Olsson (trommer) og Eirik Utne (bass). Dei er kjend frå band som til dømes Casiokids, Alibiet, Kiss Kiss King Kong, Good Time Charlie og Silja Sol.

Utanom Naboen Min, har Bjørnar i ei årrekkje vore aktiv som gitarist og produsent. Han har mellom anna spelt med Trygve Skaug, og i bandet StMorritz. Vegard arbeider som lærar, illustratør og forfattar, og har gjeve ut fleire biletbøker for born. For «Timothy mister seg sjølv», som kom i 2010, fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris. Med bøker og gitar, har han vore på talrike turnéar på barneskular rundt omkring i landet.
I 2019 vann Naboen
Min Spellemannsprisen
2018 i kategorien «Barnemusikk».